lørdag 31. mars 2007

Ein dag til i Phoenix

Her kjem berre ei kjapp oppsummering av dagen:

Vi stod opp i 11-tida og fekk i oss frukost før vi reiste saman med Cathy til eit vestleg-kunstgalleri. Her kunne ein finne mykje historie om indianarane og mange måleri og skulpturar av dei. Alt var eigd av ein og same person, noko som er ganske imponerande. Vi gjekk rundt der ei stund før vi reiste vidare opp på South Mountain. Dette er eit fjell like sør for Phoenix der ein får utsikt over heile byen. Vi stoppa her i rundt 10 min. før vi snudde ned igjen slik at vi slapp rush-trafikken, vi skulle nemleg tvers gjennom byen og besøke Jan m/familien. Jan er sonen til Olav og Cathy. Vi var med dei og åt mexikansk middag, før vi stakk tilbake til huset vi bur i.

Litt av byen, med "Camelback Mountain" i bakgrunnen

Downtown Phoenix

Ellers har dette vore ein roleg og avslappande dag. Morgondagen blir nok litt verre, då er det opp klokka 7, og kjøre til Grand Canyon.

...på rommet vårt

3 kommentarer:

Anonym sa...

JEPP.dOKKE e sjuuke:D..men have fun:) d e forresten utrolib bra vær her asså;) tihi

Janki

Karoline sa...

jaja... god påske da! hvor mange stater har det blitt nå?

Lillian sa...

Såå hærlig! Det frista skikkelig å ta en sånn tur engong altså :) Ekje d ganske dyrt gutta? =P
Jaja.. KOS DOKKE! Det fortjena dokke!