fredag 23. mars 2007

King of the highway

I går kveld møtte vi Jostein, med fleire, i Madison. For dei som ikkje veit det, er Jostein syskenbarnet til Knut Hans - far til Magnus. Han har sitt eige taxifirma i Madison. Vi kom på busstasjonen i Madison og visste ikkje kva vi skulle gjere. Magnus ringte Jostein, og få minutt etter kom det ein taxi. Ut av den kom ein norsktalande kar som heite Charles. Han jobbar i ”Madison Taxi”. Vi fekk ein gratis kjøretur heim til Jostein. Der møtte vi mange, mange taxibilar og sist, men ikkje minst, den bilen vi skal kjøre.

Seinare på kvelden blei vi med Charles og nokre kompisar på bowling. Det var ein stor bowlinghall med ikkje mindre enn 30 baner. Verken eg, Magnus eller Henrik ville våge oss å spele, noko vi var glade for at vi ikkje gjorde. Dei som spelte var nok ein god del betre enn oss. Etter bowling stakk vi til ei ganske stor og fin leilighet, der vi skulle tilbringe natta.

I dag har vi kjørt litt rundt om i Madison, både for å gjere seg kjent med bilen, samtidig som at vi måtte ut å ete frukost. Frukosten i dag bestod av kylling på KFC. Seinare i dag startar kjøreturen i retning Phoenix.

Men så, tilbake til hovudpoenget med denne posten: Bilen! :D







Reknar med bilda seier det meste, men vil likevel skrive litt meir om den. Det er ein Lincoln Town Car Executive Series, 4,6 liters V8, 2000-modell, elektronisk innstillte seter, god kjørekomfort, rett og slett deilig å kjøre ;) Fantastisk cruise-bil. Lokalt går den under namnet ”Sweetie-pie”, og dei fleste vi møtte visste godt kva bil det var snakk om då :P

Sitat frå Henrik: "Det e dritdeilig bak i her!" Denne lyden kom frå bagasjerommet :P

PS: Vi har også kjøpt digitalkamera for å kunne ta bilde på turen. Vi blir på farta framover no, så vi veit ikkje kva vi når av internett. Med andre ord kan dette bli siste post på ei stund.

4 kommentarer:

Ida Mari sa...

At d går ann! Heise d for en bil dåkke he fått tak i... Kos dokke vidare, å kjør forsikti:) Ps: D e lov å sparke Henrik når han snorka.

Gunhild sa...

fy feite for en bil da, så sinnsykt bra:) Dokk må ha en super tur videre da:D

Anonym sa...

Hehe.. Dokke e heldige gutta!! Men ikkje slå dokke alt for mykje laus da!! Husk at oss vil ha dokke tilbake levandes:) En beskjed til dej Oddvar: knip Magnus og Henrik i øret vist dei kjøre litt for fort;)Kos dokke masse!!

Henrik sa...

Ehm, yeah. To whoever thinks I drive fast: I dont. Its that easy. Im a responsible driver (and this is about the point everybody knows Im lying...)
But a message to everyone leaving a comment: If youre anynymous, leave youre name, so we know who to beat up when we get back. And if you have a strange nick, still; just leave your name. Its easier to track down and beat you up that way.
Peace.
Choppylove<3