onsdag 21. mars 2007

1. post

Det heile begynte med at Magnus var skikkelig ute etter å reise utanlands. Tanken om at det blei USA var rimelig fjern med det ein gong. I første omgang vart det berre med idéen. Vi venta lenge før vi i det heile tatt gjorde noko, men då vi til slutt bestemte oss gjekk det ganske fort. Natt til mandag den 19. satt vi leeeenge og kom fram til mange sprøe idéar. Vi hadde enda ikkje bestillt bilett, men vart einige om at det var på tide. Hadde det ikkje vore for den natta, hadde vi mest trulig reist ein dag seinare, og "berre" vere vekke i nesten to veker. Vi var overtrøtte nok til å bestemme oss for nærmare tre og ei halv veke, nok vi er fornøgd med :) Gull!

Etter 2 timars søvn måtte vi stå opp igjen på jobb. Merkelig nok var vi ikkje særlig trøtte. Seinare på dagen (14.30) måtte vi bestille bilettar. Dette gjorde vi rett før vi stakk til Ålesund for å skaffe internasjonale førerkort. Det viste seg å vere litt meir stress enn vi antok, så Henrik måtte hente dei dagen etter. Ikkje nok med det, vi måtte alle heim igjen å hente reiseforsikring samme dag. Du kan trygt seie at dette var i siste liten.

Tirsdagen kom, og vi måtte pakke ferdig og gjere oss klare til å reise. Klokka 17.20 reiste vi frå Stranda, og var framme på Stårheim litt etter halv sju. Der fekk vi middag med Reidun og Knut Hans, som vanlig. Så reiste vi vidare til Nordfjordeid, for så å ta buss til Oslo. For det første var Strynefjellet stengt, og føret var generelt sett dårlig. Derfor tenkte vi at det var like greit å ta buss. Då fekk vi også sove litt meir.

Klokka 05.30 kom vi fram på Oslo S. Vi venta der i nokon minutt før flybussen kom. Så gjekk turen vidare til Gardermoen. Her fann vi eit trådlaust nett, som vi no brukar for å skrive i denne bloggen. Dette blir dyrt :P

Planen vår fram til vi har vår eigen bil, er fly til Amsterdam, for så å vente der i sju timar. Deretter til Detroit og vente der i tre timar. Til slutt tek vi eit fly til Chicago. Der skal vi ta inn på hotell, før vi reiser til Madison og får vår eigen bil :D

Det kjem forhåpentligvis fleire postar seinare, med bilder og kanskje en filmsnutt viss vi orkar.

PS: For dei som ikkje visste det, er det reisetrioen (Henrik, Magnus og Oddvar) som er på nye eventyr :)

9 kommentarer:

Elin Pelin sa...

Dokke e galne! Sjøl reise ej til Brasil i morga på klassetur, men det e no litt meir planlagt i alle fall.

Mari Standal sa...

Veldi bra:P
Hørtest gøy ut då:D

Brynhild Marita sa...

Go tur alle tre:D:D

Unknown sa...

hey.. Alf viste meg denne sida i dag.
Jeg er i Wisconsin hos en kamerat akkurat nå. Han bor i Kewaskum som ligger omtrent en og en halv time fra Madison. Hva er planene deres for turen? Blir det en road trip?

Lillian sa...

Håpe dåkke kjem heile fram ;P

Gunhild sa...

Sjukke folk altså, hehe, men æ kan itj si at d kom som nokka sjokk når æ fikk hør d heller da. Men dokk må ha en super tur da, kos dokk som bare d! klem

Karoline sa...

sjukinga! dere er noen syke menneskebarn! jaja, forklarer isåfall hvorfor dere ikke er på msn da;) god tur ihvertfall!

Ingrids sa...

Åj åj åj, shit ass... jaja, d e bra dåkkå ikkje kjeda dåkkå!

Janki sa...

Have fun:)

Janki