mandag 26. mars 2007

4900 miles from home

Då er vi i Las Vegas. Klokka er 3 på natta, vi har nettopp sjekka inn på hotell. Bilen vår er i sine fulle fem igjen, og dagen har gått med til kjøring, kjøring og enda meir kjøring. Vi starta klokka 1pm i Lexington og har kjørt nesten samanhengande fram til no, einaste stoppa vi tok var for å fylle bensin og ete mat. Ikkje mindre enn 16 timar i bil, og for dei som er litt våkne, stemmer ikkje klokkesletta med antall timar. Vi har nemleg kjørt gjennom to tidssoner i dag.

Eg må seie at eg aldri har vore innom så mange forskjellige klima på ein dag. Vi starta i eit klassisk bondelandskap, pannekakeflatt over alt. Etter Denver vart det ei brå forandring. Då stakk fjella høgt opp og snøen låg ved sida av veien. Men berre få timar seinare såg det heilt annleis ut igjen. Bilda skal få forklare det meste ;)

Eit stykke utanfor Lexington


Beint fram, kjekt med cruise control ;)

Rett etter Denver, aldri vore bort i så brått sceneskifte


Lenger oppe på fjellet, snøen ligg framleis

Berre ein time seinare...

Eit tog eg tippar var fleire kilometer langt, utan å ta for hardt i

Alle lokomotiva som må til for å drage det ;)

Ja...

Meir natur

Som sagt så var det mykje kjøring, dei fleste bilda er derfor av naturen rundt oss. For å spare tid tok vi berre bilde gjennom den skitne frontruta vår :P

Vi stoppa ein gong for å ete mat, denne gongen blei det ein "Diner". Det er litt meir restaurant-lignande enn alle fastfood-plassane vi ser over alt.

Her har vi fått drikke og ventar berre på maten vår

Slik såg det ut her

Litt forskjell på det Henrik bestillte og det vi bestillte :P
(Men så skal det vere sagt at han kjøpte meir etterpå)

Etter vi var ferdig å ete mat hadde sola gått ned og det vart mørkt. Og vi hadde igjen ein 6 timers long kjøretur i mørket før vi nådde Las Vegas.

Når vi no står opp om fem-seks timar må vi sjekke ut av hotellet, og då set vi kursen inn til sentrum av byen og ser kva vi finn på der. Om vi skal ta ei natt til her eller ikkje veit vi ikkje enda, men før vi stikke herfrå skal vi innom Hoover Dam og Grand Canyon.

Her står vi framfor bilen vår utanfor hotellet i Las Vegas klokka 3am

PS: No har vi vore i 8 forskjellige statar :)

6 kommentarer:

Karoline sa...

søstra mi lurte på noe... åssen gjorde dere det med visum?

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Anonym sa...

Sjuke, sjuke folk!! ;)

Anonym sa...

åh jeg er såå misunnelig på dere:S
dere må kose dere kjempe masse!!
gla i dere

forresten.. jeg har ikke fåt kort enda:P så mange stater...:P


Therese

Anonym sa...

http://telenormobil.no/priser/iutlandet/kontant/

Joachim Bjørge sa...

Først no såg ej at dokke hadde en reiseblog.

No he ej lest heile.

SJUKT Å SJUKT Å SJUKTOLEINEN!
Ulite lyst til å sitte å drage gulingvitsa i bilen å bli banka no!
Ulite lyst til å ver i USA!
Ugull!

Ugenitalt av dokke å berre reise på dinna måten.

Hmm.. Ta å blink til alle bila dokke møte som ikkje he lysa på!
(en anelse manisk misunnelse fra mej her ;))