Wal-Mart!
Rett over gata låg det ein rimelig stor Wal-Mart butikk. Dette trudde vi skulle bli redninga vår, og gjekk derfor bort og skulle handle verktøy. Klokka var fortsatt berre litt over seks, men heldigvis var det åpent. Vi gjekk inn og leita etter nødvendig utstyr. Dette tok ca. tre kvarter, noko som seier litt om størrelsen til butikken. Dei hadde alt du kan tenke deg, bortsett frå den reima vi måtte ha. Vi fekk høre at det var ein annan butikk i området som spesialiserte seg på slike bildelar, men den var sjølvsagt over 1 mile lenger nede i gata. Det hadde begynt å regne, så vi bestemte oss for å ta taxi. Taxi var det ikkje så altfor mange av her, så vi måtte høre med motellet om dei kunne ringe nokon. Etter ei stund kom det ein taxibil kjørande, vi hoppa inn og sa kor vi skulle. Sjåføren sa han var den einaste taxien her omkring, og han hadde det ganske travelt. Han var frå Texas og flytta hit for tre veke sidan. Det vil seie at han ikkje visste nøyaktig kor butikken vi leita etter var. Vi fekk derfor sitte på lenger og hadde ein hyggelig samtale med han. Han sa at dersom vi ikkje kom oss vidare i dag, så skulle han invitere oss ut og vise oss byen. Til slutt kom vi fram til butikken vår. Sjåføren venta utanfor og kjørte oss tilbake til motellet, der bilen vår stod. Alle folka vi har møtt i denne byen er både greie og snille, noko vi også har fått inntrykk av frå dei vi har møtt tidligare.
Sjølvsagt kom den verste regnskuren akkurat når vi skal reparere bilen. Etter litt om og men blei det til at vi stod ute i regnet og måtte fikse bilen fortast mulig. Resultatet vart, etter 20 minutt under panseret på bilen i regnvér, at motoren fungerar flott igjen, men vi vart gjennomvåte. Då bestemte vi oss for å sjekke inn på motellet for å kunne ta ein dusj og bytte til tørre kle. Så her sit vi no og ventar på at klea skal bli tørre nok til å kunne pakke dei med oss i bilen igjen. Magnus søv (vi har sove ca. 4 timar samanlagt i natt, fordelt på alle tre), Henrik og eg sit med kvar sin laptop på gratis trådlaust internett, så kvifor ikkje bruke tida til å skrive litt om korleis dagen vår har vore hittil? :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar