torsdag 22. mars 2007

I Chicago

Hei igjen

Vi kom til Chicago klokka halv elleve om kvelden, lokal tid. Første oppdrag var å finne ein plass å bu. Dette viste seg å ikkje vere så lett. Vi prøvde rundt 20 forskjellige hotell før vi endelig fann et med ledig rom. Hotellet vårt låg ca. 20 min frå flyplassen med taxi. Etter å endelig fått sjekka inn, var det på tide med mat. Dette viste seg å vere vanskeligare enn forventa. Alle plassane det var råd å få tak i mat, var stengt, bortsett frå dei såkalla "drive-ins". Vi prøvde oss på en "gå-inn", men det ville dei ikkje ha noko av. Med andre ord, må ein ha bil for å kunne kjøpe mat etter klokka 11 pm.

Vi kom til slutt på at vi hadde med oss nødproviant, og gjekk derfor tilbake til hotellet. Deretter såg vi litt på TV før vi la oss. Dette var usannsynlig deilig etter å ha vore på reisefot, meir eller mindre uten søvn, i ca. 32 timar i strekk. Dette kom i tilegg til at vi hadde ein vanlig arbeidsag rett før.

Vi har ingen bilder enda, sidan ingen av oss tok med oss digitalt fotokamera, berre eit videokamera, med begrensa batterilevetid - som med alle andre batteridrivne ting vi har. Planen i dag er å skaffe oss nødvendig utstyr for å kunne lade opp det meste, samtidig som vi skal skaffe oss den berykta bilen vår. Dette ser vi veldig fram til.

Etter dette er det berre fastlandet som stoppar oss :P Road trip blir det iallefall. I første omgong til austkysten, med Phoenix som base. Der får vi mest trulig overnatte i eit hus som slektningane til Magnus bur i.

Får vi tak i kamera, skal vi legge ut bilder. Vi oppdaterer så ofte vi får tak i internett.

Ellers så er været her borte ganske bra, sol og 66 grader Farenheit, som tilsvarer ca. 19 grader Celsius.

Ingen kommentarer: