onsdag 28. mars 2007

Hoover Dam og LA

I dag stakk vi innom Hoover Dam. For dei som ikkje veit kva det er så er det ei av dei største demningane i USA. Det var mykje bygningsarbeid på gong der, bl.a. ny bru, og firefeltsvei. Til demninga var første gong vi kjørte på ein tofeltsvei slik vi er kjenner igjen frå Norge (det har for det meste vore firefelts- eller meir, overalt). Det blei ein liten svipptur, berre for å ha vore der. Vi fekk likevel tid til å ta nokre bilde, iallfall frå den eine sida. Så begynte det å regne, og då bestemte vi oss for å stikke tilbake. Og medan vi er inne på været, i dag har vi opplevd alt frå strålandes sol og blå himmel, til regn og hagl, og sist men ikkje mins sterk vind. Dette berre i løpet av nokre få timar. Neste stopp: Los Angeles

Her ser du oppsida av demninga
Fin plass å stå

Her ser ein tydelig vasslinja når deminga er full

Eit bilde eg fann på internett for å vise korleis den ser ut frå den andre sida

Etter Hoover Dam hadde vi ein biltur på ca. 5 timar til LA. Vi sette kursen direkte mot Santa Monica - den berømte stranda vi ser på mange, mange filmar. Dette skulle vise seg å ta litt tid, på interstaten (opptil seks felt kvar retning) i byen hadde vi nemlig ei snittfart på rundt 10mph, det var stappfullt av bilar overalt. Men då vi endelig kom fram, fann vi ein parkeringsplass og gjekk litt rundt om i området der. Vi fann en plass å ete, før vi snudde og kjørte i retning Disneyland. Vi tenkte å finne eit motell/hotell å overnatte på. Lettare sagt enn gjort. Vi var innom tusen forskjellige hotell, og dei var enten stengt, eller ein måtte vere 21 år for å sjekke inn. Dette gjaldt det eine etter det andre. Vi fann eit hotell som hadde ledig rom, men der kosta det 195$ pr. natt, noko som er i dyraste laget for å berre sove der ei natt. Så vi fortsatte å leite. Til slutt fann vi eit motell litt lenger vekke som var mykje billigare. Vi sjekka inn og her sit vi no.

Ein del av stranda

Henrik vandrar langt borte

Eit bilde som var litt stilig

PS: Illinois, Wisconsin, Iowa, Nebraska, Colorado, Utah, Arizona, Nevada, California = 9 statar ;)

5 kommentarer:

Karoline sa...

lucky pigs!

Anonym sa...

rekna me at dokke sola dokke når dokke først va på santa monica beach:P
neida, virka utruli koseli der borte!!!

Anonym sa...

ikkje misunnelig i det heile tatt, langt ifra. Men de e jo gull vær her å da sol, vår å nesten varmt;) Å i morra e d påskeferie!!:D

Anonym sa...

Hei guta:)

Kult at dokke he vore i Santa Monica, ej var der på klassetur i oktober:)
Kos dokke videre!
Silje Beate

Anonym sa...

haha!
lite hån på dere! Tapere! Dere suuuger! Morra deres er mann! Alt dette er kun frustrasjon over hvor utrolig kult dere har det i forhold til meg! Lite hån på dere! TAAAAAAAAAPERE!!!! Jeg er ikke missunnelig i det hele tatt! Nop! Ikke denne karen nei! Bia'tches!