tirsdag 27. mars 2007

Dagens høgdepunkt

Dagen i dag har gått med til å utforske byen. Det dei fleste tenke på når ein seie Las Vegas, er casino, gambling og hotell. Dette stemmer nokså godt, men det er ikkje derfor vi er her. Vi er her eigentleg berre på gjennomreise, men tenkte at vi måtte vere her ein dag, sidan vi først er innom. Vi var heldig med været, strålande sol og 32 grader.

Etter å ha leita lenge etter ein parkeringsplass fann vi til slutt eit stort parkeringshus som faktisk var gratis, noko vi ikkje hadde rekna med her omkring. Dette låg ved foten av eit ganske stort tårn midt i byen. Tårnet går under namnet "Stratosphere" og er det høgaste bygget i Las Vegas, faktisk den høgaste bygninga vest for Mississippi (1149 fot). Det er ein del av eit hotell og casino. Ein annan ting som var ganske imponerande var heisa i tårnet. Det tok ikkje lenger enn 30 sekund frå botnen til toppen, det vil seie ca. tre etasjer per sekund.

Her ser det eigentleg ut som eit heilt vanleg tårn, men det er noko litt spesielt med det, eg skal la bilda forklare vidare ;)

Her er eit oversiktsbilde som viser kva ein kan finne på toppen

Eg og Magnus turde oss ut på den såkalla "Insanity"

Her ser ein litt kva den går ut på

I fronten på "X Scream" (film lenger nede)

"Big shot" på toppen av alt ;)

Eit bilde rett ned som viser kor høgt det er

Hovudgata sett frå tårnet



Ein tanke skummelt? ;)

Selfølgelig var det ikkje lov med brille, så halve opplevelsen forsvann fordi eg ikkje kunne sjå noko :P


Ellers så har Henrik kjøpt seg ny mobiltelefon her borte. Det er ein mobil han har snakka lenge om, som han kjøpte fordi han syns den var kul. Men på den måten har vi fått ein mobil med amerikansk nummer og kan ringe i USA litt billigare enn ved å bruke dei mobilane vi har. Denne kan komme godt med på turen.

Henrik er forresten liiiite stolt av å eige den ;)


Vi måtte berre filme det som var så kult med mobilen :P

9 kommentarer:

Anonym sa...

hmm.. fortsatt misunnelig:S

Therese

Ida Mari sa...

Mobilen min slår sej ta heilt av sej sjøl... Så d så!

Brynhild Marita sa...

åj.. kult!!

Karoline sa...

får ikke sett filmene nå, for noen her har skole, men bilda sa en del da! så ufattelig rått ut! tror jeg stiller meg i misunnelsesrekka...

Anonym sa...

Sjuk kul mobil altso:P
D såg drit gøy ut!! ej me vil!!!!!

Joachim Bjørge sa...

Hah!
Så sjef om du ikkje hadde sett på dinna sjukheita som "datt ned" før du prøvde den.
Da hadde du fått smake dødsangst!
haha!

I morga e det perm i nesten to vike..
Ugull..

Det blir vell kanskje topptur, men det e vell kanskje det dokke tenke minst på der borte (og i tillegg at dokke stend på carving-ski å snowboard).

No kan det bli aktuelt å legge sej å søve lenge i morga!
Ugull!

Anonym sa...

Joachim: hehe, eg visste ikkje at den skulle "dette ned", og ja, det va mildt sagt litt skummelt!!! :P

Anonym sa...

Fole gildt å sjå kor det går med dykk, god tur framleis.

Anonym sa...

no e d ferie:D i 12 daga!!! gull for livet! å i morra kjem pablo hjem,gull!