fredag 30. mars 2007

Phoenix

Etter litt trøbbel med å få internett i går, vart det ingen oppdatering. Henrik prøvde seg, men det vart ikkje vellykka. Så vi gjer eit nytt forsøk i dag. No er vi i Phoenix, med Olav og Cathy, slektningane til Magnus. Dei har eit fint hus, i eit ganske fint nabolag. Golf er veldig populært her. Det er fleire golfbaner i sjølve boligområdet, og ein kan møte på fleire golf-carts rundt omkring, noko som ikkje er vanlig i norske nabolag. I tilegg til det er det badebasseng, tennis og mange andre fritidsaktivitetar her.

Tidlegare i dag har vi brukt nesten to timar på ein butikk: "Fry's Electronics". Den var rett og slett ein tanke stor. Grunnen til at vi ikkje var der inne lenger, var fordi vi vart slitne i beina av å gå heile tida, spesielt etter å vere mett av frukosten på Subway. Butikken har det aller meste som har med elektronikk å gjere, frå playstation, til vaskemaskin, til musikk, til data, til 73" tv-skjerma, til blad av alle typar osv, i tilegg til litt meir enn det igjen. Etter kvart sette vi kursen mot Sun Lakes, ein plass litt sør for Phoenix, der vi bur dei neste dagane framover.

Som vanlig har vi ikkje planlagt noko spesifikt enda, men vi skal innom Grand Canyon i løpet av dei nærmaste dagane, og vi skal ein liten svipptur over grensa til Mexico før vi kjører austover, til bl.a. New Orleans.

Her er ruta vi har kjørt hittil. Kjørelengda nærmar seg to gangar Norge på langs og vi har meir i vente :P

Ingen kommentarer: