søndag 8. april 2007

Washington in daylight

8.00 am - Vekkerklokka ringte
8.10 am - Vekkerklokka ringte
8.20 am - Vekkerklokka ringte
8.30 am - Vi oppfatta kva som skjedde
8.32 am - Vi låg litt lenger
8.40 am - Opp av senga

I dag var det skikkelig tungt å stå opp. Vi var trøtte etter fleire dagar med kjøring. Likevel kom vi oss opp til slutt, vi måtte tross alt utnytte den eine dagen vi hadde her i Washington. På vei ned til lobbyen med all bagasjen vår møtte vi på ei dame i heisa. "I hope you're not going camping outside" sa ho. Og når vi kom ut på gata forsto vi kvifor. Kulda slo mot oss i døråpninga, og eit tynt lag med snø hadde lagt seg. Her snakkar vi om kontrastar, i går kveld var det på langt nær så kaldt, vi måtte kanskje ha på oss ein genser, men i dag tidleg var temperaturen nede i like over 0 grader. Jakka måtte på, og hadde vi hatt det, ville vi nok brukt hue også. Vinden var den verste, likna litt på været i Norge like før vi reiste. Men vi kunne ikkje la været stoppe oss, vi måtte berre utnytte tida vi hadde.

The Capitol før snøen smelta

Det første vi møtte på var The Capitol, som låg berre få kvartal nedanfor hotellet vårt. Vi stoppa og tok nokre bilder før vi fortsatte vidare nedover The National Mall (som ikkje er eit kjøpesenter for dei som trudde det).

Washington Monument

Lenger nedover den såg vi The Washington Monument, ein obelisk med mange amerikanske flagg rundt. Her tok vi ein sving til høgre og gjekk mot The White House. I går fortalte eg om at vi kanskje skulle stikke inni det berømte huset, men det var nok litt lettare sagt enn gjort. Ein måtte nemlig ha forhåndsbestillt via ambassaden sin 3 mnd. på forhånd eller noko i den dur. For tre mnd. sidan hadde vi ikkje tenkt tanken engong på å reise hit, så det var nok litt for seint. Vi fekk likevel sett litt av det på avstand og tatt nokre bilder, men eg skal ikkje legge skjul på at det hadde vore mykje meir interessant å gått inn.

Det beste bilde vi kunne ta av Det Kvite Hus

Så nærma klokka seg 11 am, og det var på tide med frukost. Vi fann The Ronald Reagan Building, og der var det mange forskjellige fastfood-sjapper. Det som var litt morsomt, var at ved inngongen måtte vi gjennom ein sikkerhetssjekk, ganske lik dei vi må gjennom på flyplassar - alt dette berre for å få seg litt frukost. I tilegg til dette, så var det fullt av ungdommar, ungdomsskulen og litt nedover. Alle åt fastfood... på ein laurdags morgon - litt annleis enn i Norge.

Litt mindre snø, men fortsatt ein del vind

Ganske kraftig vind :P

Etter fruksot blei det The National Air and Space Museum - eitt av dei få museuma vi hadde litt interesse for ;) Her var det sjølvsagt stappfullt av folk. Ein kunne lese om alt i frå korleis fly kunne flyge, til overflatetemperaturen på Pluto. Vi gjekk rundt i nokre timar før vi bestemte oss for å stikke tilbake og hente bilen (ja, vi gjekk faktisk heile tida fram til då :P)

Lincoln Memorial

Vi kjørte litt meir rundt om i byen for å sjå litt av det som stod igjen. Medan vi kjørte fekk Magnus telefon heimafrå, og då var det ganske vanskeleg å guide han hit og dit, så då enda vi opp eit stykke nord for sentrum, ganske langt i frå trafikklys og sånt. Då tok vi berre ei rask beslutning om at vi like greit stakk nordover mot New York, i staden for å leite oss tilbake til sentrum igjen.

Før vi reiste frå Norge, hørte vi at Eva Grete bur i New York området. For dei som ikkje veit kven det er, så gjekk ho på Vestborg i klassa over meg og Magnus. Vi fekk tak i telefonnummer og ringte ho frå Washington i dag. Ho brukte litt tid på å hugse kven vi var når vi ringte, og ho visste ingenting om at vi var her borte, så det kom kanskje litt overraskande på ho. Likevel fekk vi tilbud om ein plass å bu for natta, noko vi tok imot med glede. (Stor takk til Eva Grete for det :D) Å finne hotell i New York er ein tanke for dyrt for vår smak.

Så her er vi i natt, i morgon skal vi tilbringe mesteparten av tida i byen og sjå det vi kan sjå i løpet av dagen - som vanleg... igjen :P

Så sant, så sant...

3 kommentarer:

Anonym sa...

suverent also!

Karoline sa...

hmm.. kanskje dere møter på ingrid der borte da! men det er vel heller tvilsomt... tror hun reiser hjem mandag kveld eller noe:) jaja... en må virkelig lese her konstant asså for å ikke miste noe, vært vekke i 4 dager, og her var det masse nytt:) god tur videre da! ikke rot dere vekk i N.Y.!

Oddvar sa...

ja, vi skrive no når vi kan, so lenge det e noke nytt og interessant å skrive om ;)