torsdag 12. april 2007

Morsomt møte med grensevakta

Å kjøre inn til Canada var ikkje noko problem, men å kome seg tilbake til USA igjen viste seg å vere litt meir styr. Vi måtte svare på alle slags spørsmål, alt frå kor vi bur medan vi er her til kva vi jobbar med heime i Norge til kven det er sin bil osv. Bilen vart dei ganske så opphengt i. "So he just lend you his 40 000$ car?" direkte sitert ein av dei. Dei nølte litt etter vi svarte ja. Det var kanskje rundt fem vakter der, og alle såg like rart på oss. Dei lurte på kven som betalte for alt dette, og kor dyrt det var osv. Vi kunne ikkje gjere anna enn å smile litt og seie at vi betalte for det sjølv. Så lurte dei på kor mykje vi tjente i året. Vi svarte dei og fortalte like godt kor ruta vår hadde gått. Dei estimerte ein langt høgare totalkostnad enn den reelle, så vi kan iallfall seie at dei ikkje har kjørt den ruta før. Forslaget dei kom med på 30 000$ for heile turen var ein tanke høgt kan ein seie. Det verka som om det var første gong dei hadde vore borti noko liknande.

Alt dette var etter dei hadde spurt oss om å gå ut av bilen slik at dei kunne søke gjennom kvart minste hulrom i bilen. "You know that gun looks like an assault rifle, right?" sa han eine litt skeptisk etter dei hadde funne paintball-rifla som Henrik kjøpte i Tuscon. Henrik smilte litt og sa at ja, det visste han. Så satt vi ei stund til å venta, før vi fekk klarsignal til å kunne kjøre vidare. Dei smilte litt og ønska oss lykke til vidare på reisa. Heile sjekken tok kanskje litt over ein halv time. Hadde vi fått lov skulle vi jammen tatt bilde av ansiktsuttrykka til vaktene - heile greia var berre litt morsom syns vi.

Ellers har vi berre kjørt vidare, og er no i Milwaukee (litt nord for Chicago) på eit motell. I morgon skal vi prøve å få tak i Børge, som er her borte, før vi skal levere tilbake bilen til Jostein på fredag ein gong.

Ingen kommentarer: