tirsdag 10. april 2007

Litt nytt

No er vi like ved grensa til Canada. Det er mørkt, så vi ventar med å reise vidare til dagslyset i morgon. Niagara Falls ligg på grensa, og er største grunnen til at vi tek denne ruta tilbake til Chicago. Dette er forresten eit av dei billegaste motella vi har tatt innpå i løpet av turen, 50$ for eit rom for tre. Dette er litt under ein fjerdel av det vi betalte i Washington, men det har no si forklaring - ikkje akkurat midt i byen her ;) Standarden på alle motella vi har vore på er nokså lik overalt, ganske grei i forhold til prisen.

Akkurat no ser vi på Weather Channel. Utsiktene for morgondagen ser heilt greie ut, ikkje noko å skryte av vel og merke. Dei siste dagane har været vore veldig variert over heile landet. Då vi var i Dallas var det sol og opptil 30 grader, men berre få dagar seinare var det under 10 der. Ein kan tydelegvis ikkje stole heilt på været her borte, det kan forandre seg drastisk over natta.

I dag traff vi på litt snø, og temperaturen låg litt over 0 grader heile veien. Men for å roe ned bekymra foreldre, så var det ikkje noko snø på sjølve veien, og det var heller ikkje glatt ;)

Er vi heldige blir det lite nedbør i morgon, slik at vi kan ta nokre bra bilde.

PS: No har vi berre to statar igjen på reisa vår i USA (i tilegg til Canada), Michigan og Indiana :)

1 kommentar:

Anonym sa...

jaja, dere skulle vært her i helga... snøen lava ned over hele landet:D