lørdag 7. april 2007

Dagen før, i Washington

Då var vi endelig i Washington. Etter mykje fram og tilbake for å finne parkeringsplass, fann vi ein litt utanfor sentrum, eit lite stykke i frå Pentagon. Det var eit parkeringshus, og tru det eller ei, det var gratis trådlaust internett i det. Vi utnytta sjølvsagt det og leita etter det billegaste hotellet vi kunne finne her i byen. Det var ikkje så lett, dei billegaste var sjølvsagt fulle. Vi enda opp på eit Holiday Inn like ved sidan av Capitol Hill, ganske gunstig plassert med tanke på morgondagen. Prisen kom på 150$ pluss parkering for rundt 50$, altså 200$ tilsaman. Dette tilsvarar ca. 12-1300,- og er noko av det aller dyraste vi har tatt inn på til no. Men det er generelt sett ikkje billeg sentralt i Washington.

No prøvar vi å lage ein liten plan for kva vi skal innom i morgon. Det blir hovudsakleg å gå rundt og sjå dei kjende bygningane og monumenta som er her, kanskje ta ein liten tur inni det kvite hus - så lenge køa er overkommeleg. Det beste av alt er at dei fleste attraksjonane her er gratis. Ein kan stikke innom Capitol bygninga, Pentagon, Det Kvite Hus og mykje anna (museum o.l.) rundt omkring, utan å leite fram lommeboka. Etter det eg har lest kan vi sjå dei som jobbar på dei forskjellege plassane - in action, noko som er litt morsomt. Men resultatet av kva vi finn på i morgon ser vi først då. Ein ting er sikkert; vi får ein stor dag i morgon og skal innom mange plassar. Vi klarar ikkje alt. Til det treng ein mange fleire dagar, men vi tek det vi rekk - som vanleg.

Ellers har det blitt litt kaldare i været, vi er tross alt lenger nord, og no har talet på statar auka til imponerande 20 stk - på litt over to veker.

Ei ny oppdatering på reiseruta vår hittil, snart i mål :D

2 kommentarer:

Anonym sa...

hei. Magnus !!Vi er no på stårheim og eg sitter veirfast her , eg skulle være med dokke til usa , masse snø no . Skal helse fra alle her og masse fra benedichte og caroline . helsing den forlatte og fornerma Ronny Ponny i det kalde nord (fjord )( e eg for gammel for å få være med dokke unge gutter eller ?har ikkje fått grå hår enda !!!)
snufffs

Anonym sa...

Hei Magnus & comp. No må dokke legge veien om KANADA også. New York, NIAGARA FALLS, Hamilton, London, Detroit, Chicago.......
Berre eit tips frå pappa:)
God tur vidare og forsyn "lesarane" med MEIR bilde!!!