tirsdag 17. april 2007

Home, sweet home

Må nesten ta med det einaste bildet vi har av alle tre :)

Beklager at det ikkje har vore oppdatering dei siste dagane. Grunnen er rett og slett fordi eg ikkje har orka å skrive noko :P

Eg kan likevel skrive ei kort oppsummering av det vi gjorde. Første dagen i Milwaukee prøvde vi å få kontakt med Børge, utan å lykkast særleg med det. Vi kjørte rundt i byen der for å sjå kva ein kunne finne på. Det enda opp med først ein film på kino, deretter ein film til - som faktisk var to filmar i ein. Til saman såg vi altså tre filmar den dagen. Ein skulle tru at amerikanske kinosalar var stappfulle, men det var dei ikkje. Vi hadde nesten heile salen for oss sjølve på kvar einaste film. Det sat kanskje tre-fire andre personar der. Mellom filmane tok vi pausar der vi kjørte rundt og såg på bilar i mange forskjellege bilbutikkar. Å kjøpe bil i USA er billeg!

Etter siste filmen var klokka plutseleg litt over elleve om kvelden. Vi tenkte derfor at det var for seint til å reise til Madison eller til Børge, så vi tok derfor inn på same motell igjen - i Milwaukee. Dagen etter var det premiere på ein film som heiter Red Line. Vi måtte sjølvsagt sjå den på kino når vi likevel var her.

Seinare same dag sette vi kursen mot Madison for å levere tilbake bilen. Det var litt over ein times kjøretur dit. På veien stoppa vi for å vaske den. Har ikkje tal på kor mange dollar eller kor lang tid vi brukte på den delen der. Vi tok det både grundig og bra - utendørs og innendørs. Det var det minste vi kunne gjere etter å ha lånt Jostein sin private bil i over tre veker.

Bilvask

Vi kom til slutt fram til Madison Taxi og gjekk inn for å treffe folket. Etter litt prat kom Charles m/dame også, og saman med dei og Jostein stakk vi til leiligheta vi overnatta i sist gong. Den er Bjørn (Bo) og Jerad (Mohead) si. Bo er ein av sonane til Jostein, men han var der ikkje sist gong, så då fekk vi treffe han denne gongen.

Dagen etter, altså på laurdag stod vi opp tidleg og blei henta av Jostein. Vi skulle ut og ete ein klassisk amerikansk frukost - for ein gongs skuld. Den består av ham and eggs og likna meir på ein middag, spør du meg. Vi vart nokså stappmette etter denne frukosten. Så gjekk turen vidare til ein plass som heiter "The House on the Rock", som bokstavleg talt var eit hus på ein stein. Det heile var ei stor samling av hus rundt dette spesielle huset. I desse husa kunne ein finne alt mulig. Det finst nesten ikkje ord for kor mykje som var der. Ein må nesten berre vere der for å forstå kor mykje det er snakk om. Vi brukte tre timar på å gå gjennom alt, og då gjekk vi fort. Her er ein link som viser litt av det vi såg der (er så mykje at eg ikkje orkar å skrive alt her):
http://www.thehouseontherock.com/html/attraction.htm
Det mest imponerande med alt dette er at det var eigd og samla av ein person. For dei tilfeldigvis er eller skal til området rundt Madison, er det verdt å ta ein tur innom dette nokså spesielle huset. Eit litt morsomt rom i sjølve huset er det såkalla Infinity Room. Det er bygd sånn at det ser ut som om det går uendelig langt bortover, og at det i tilegg er bygd nesten i lause lufta utover skogen - ganske stilig.

Infinity Room

Dette var stort sett det meste av det vi gjorde denne dagen, vi stakk til Stoughton og fekk middag, før vi reiste tilbake til leiligheta igjen for å slappe av og sove litt før vi skulle tilbake til Norge på søndag.

Opp klokka åtte, sette seg i bilen, kjøre til Jostein, pakke ut av bilen, ete donut til frukost, seie farvel til Sweetiepie, sette seg i taxien, kjøre til ein bussholdeplass, sitte/sove på bussen i tre timar til Chicago, sjekke inn på flyplassen (Henrik fekk ikkje ta med ein lufttank som hører med til paintballrifla si, så vi brukte litt tid der), vente litt, ete mat, vente litt til, sjekke ut av USA (vi måtte faktisk gi frå oss fingeravtrykk og bilde - akkurat som då vi kom inn i landet), gå ombord på flyet, sitte trongt og prøve å sove i sju timar, gå av flyet i Amsterdam, vente på neste fly, sette seg på flyet (vi bytta plass med nokon andre slik at vi fekk sitte med nødutgongen - ekstra beinplass :), sitte der i ein og ein halv time, gå av flyet på Gardermoen, sove litt på flyplassen, ta Nordfjordekspressen til Stårheim, få servert heimelaga pizza og kake klokka 01.00, sette seg i audien, kjøre til Stranda, vere framme i leiligheta vår litt før 04.00, ta ein dusj, legge seg, stå opp igjen tre timar seinare, stikke på frukost, og full arbeidsdag.
Søndag-mandag-tirsdag slag i slag. Er fortsatt litt trøtt og har heller ikkje heilt kontroll på tida enda, men reknar med det kjem seg etter kvart.

Turen har alt i alt vore ganske vellykka. Eg angrar ikkje eit sekund på at eg blei med. Det har vore ein opplevelse for livet.

Eg vil berre avslutte denne bloggen med å seie tusen takk til Jostein for lån av bil, det hadde ikkje blitt noko av utan han. Eg vil også seie takk til Odd, Svein og Per Arne som gav oss fri frå jobb (Henrik får tale for seg :P) Og sist, men ikkje minst, foreldra våre som berre har måtte finne seg i at vi stakk ;)

Borte bra, men hjemme best ;)

___________________


Vi reiste frå Stranda etter jobb den 20. mars, returnerte natt til den 17. april. Det vil seie at vi har vore på tur i 27 dagar.

Total kjørelengde:
12 852 km (7 986 miles). Tilsvarar ca. 32 % av omkrinsen rundt ekvator, eller fem gongar Sør-kapp til Nord-kapp.

Bensin brukt:
ca. 1 300 liter

Tid brukt i bilen:
ca. 150 timar, eller litt over 6 døgn

Statar vi har vore innom: 27
Illinois, Wisconsin, Iowa, Nebraska, Colorado, Utah, Arizona, Nevada, California, New Mexico, Texas, Louisiana, Mississippi, Alabama, Florida, Georgia, South Carolina, North Carolina, Virginia, District of Colombia, Maryland, Delaware, New Jersey, New York, Pennsylvania, Michigan, Indiana

Land vi har besøkt: 3 (4)
USA, Mexico, Canada, (Nederland)

Reiseruta vår (med Norge i same skala):

PS: Morsomt at det har vore så mange som har fulgt med på reisa vår ;)


Takk for oss :)

5 kommentarer:

Inger sa...

Hei!
Velkommen heimatt. Eg har prøvd å følgje med dykk undervegs på turen. Eit sprøtt påfunn, men sikkert spennande!

Tips til Henrik: Ta med penn neste gong du skal til New York, eller andre plassar i verda!

ingervalbo@yahoo.no

Anonym sa...

vil det si at dere ikke kommer til å skrive mer på denne bloggen? jaja... du glemte å skrive hvor mye peng som gikk med på turen:)

Oddvar sa...

med mindre henrik eller magnus vil skrive noke meir her, so va nok det siste innlegget, ja...

pengebruken helde vi vel for oss sjøl tenke ej :P

Henrik sa...

Ej har nok ett par ord ej kjem til å skrive i løpet av dagen. Så heilt siste post blir det nok ikkje. Skal nok gå ut med ett pang.

Anonym sa...

såpass mye peng som blei brukt asså:) hehe... dere kan jo alltids fortsette med livet på borga da...