mandag 9. april 2007

NY by

Etter å våkne opp til ein god påskefrukost Eva Grete hadde laga til, tok vi buss frå Montclair State University og inn til Port Authority - bussentralen i New York. Første post på programmet var Empire State Building(ESB), for min og Magnus sin del iallfall. Henrik var ikkje like gira på det, så han bestemte seg like godt for å gå litt rundt omkring åleine. På den måten fekk vi dekke meir av byen enn om alle gjekk samla :P

Det såg ut som om det var ganske lite folk i byen i dag. God plass i trafikken og rikeleg med ledige sitteplassar på subway'en, iallfall der vi var innom. Halvparten av trafikken var forresten dei kjende gule taxi'ane ;)

Som sagt gjekk eg og Magnus mot ESB. Vi bestemte oss først for å ta subway'en vekk frå Port Authority. I starten var det litt vanskeleg å orientere seg om kor ein var, men dette kom seg med tida. Etter litt fram og tilbake kom vi oss endeleg av subway'en og gjekk opp på gate-nivå. Vi gjekk litt rundt før vi såg ei bygning som kanskje ligna litt på ESB, og gjekk mot den. Ca. 6 kvartal etter kom vi til den høgaste bygninga i New York. Vi forventa nesten kø utanfor bygget, men der var det ingenting, så vi gjekk rett inn.

Dette møtte oss innfor døra

Deretter gjekk vi opp ei trapp og der begynte køa. Vi vurderte det ei stund, og det enda opp med at vi stillte oss bakerst. Det såg ikkje ut til å ta så altfor long tid, den gjekk eigentleg ganske raskt framover. Denne køa viste seg etter kvart til å berre vere billettsalget, men etter dette gjekk det forholdsvis kjappt vidare. Vi måtte gjennom ein sikkerhetskontroll, som vanleg, og så kom vi til eit punkt der køa splitta seg. Det gjekk nemleg an å bestille to typar billettar, ein vanleg og ein combo (som både var for sjølve tårnet og for NY Skyride - ein IMAX simulator som viste ein rundtur i byen). Vi kjøpte sjølvsagt combo, og derfor kunne vi gå fort forbi ein stooor del av køa som berre hadde vanlege billettar - vi sparte nok ei god stund på det.

Etter Skyride skulle vi opp i tårnet. Då måtte vi sjølvsagt stille oss i ei ny kø igjen. Totalt sett trur eg vi stod i kø i nærmare halvannen time. Så kom vi endeleg fram til heisa, og då var det 80 etasjar rett opp. Deretter måtte vi ut og inn i ei ny heis som gjekk 6 nye etasjar opp. Vi stod altså på 86. etasje og tok bilder. Der oppe kunne vi gå utendørs, noko som var ganske kaldt - vi måtte ta bilde på skift ;)

Her kjem berre mange bilder i alle retningar - må ikkje spørre oss om kva som er kva :P



Dette hugsar eg var Chrysler-bygninga. Den kjempa om å vere verdas høgaste bygning, og var det i nokre få år før ESB tok over trona i 1931.


Så gjekk vi ned igjen og fann ut at vi ville til Ground Zero - der World Trade Center stod. Vi tok subway'en igjen og fann etterkvart rett linje før vi nådde endestasjonen. Det som møtte oss når vi kom opp då var eit minnesmerke av WTC. Mykje arbeid stod igjen etter tvillingtårna - fem og eit halvt år etter.

WTC subway stasjonen

Ground Zero

Vi hadde bestemt tidlegare at vi skulle møte Henrik på Grand Central klokka 8, og den nærma seg faretruande. Ti over åtte møtte vi han, og gjekk i retning busstasjonen igjen. Det hadde blitt mørkare og på veg bort måtte vi nesten stoppe og ta eit bilde av alle skjermane som var der :P Heile gata var nesten like opplyst som på dagen.

Store skjerma, mykje folk - einaste plassen vi var på der ein kunne risikere å kollidere med andre folk når ein gjekk over gangfeltet :P

Så gjekk vi vidare bort til busstasjonen og kjøpte billettar til Montclair - noko vi trudde var korrekt. Vi skulle til Montclair State University, og etter å ha kjørt på feil buss heile veien (den gjekk til same området vel og merke) tok vi ein taxi tilbake til Paul Hall (det bygget Eva Grete bur i).

Alt i alt ein grei dag, men skal ein sjå New York må ein nok bruke minst ei veke og kanskje planlegge litt meir kva ein skal sjå før ein plutselig er der :)

9 kommentarer:

Anonym sa...

høres no gøy ut likevel:D
ej he vertfall aldri vor i 86. etasje på noka bygning før:P
må kose dokke masse vidare vertfall!

Karoline sa...

liv og røre i NYC! jaja, hørtes bra ut! når skal dere sette rompa deres på flyet tilbake da?

Oddvar sa...

vi stikke tilbake den 15. april her borte, og kjøme fram 16. i norge :)

Anonym sa...

Oddvar din gris.
kunna i det minste pakka ned mej i en koffert før dokke stakk.

uansett, masse kule bilde og ej e fortsatt grønn av misunnelse. Stå på vidare og kos dokke glugg.

MVH: han so eige dej i Quake 3 ;)

Hanne sa...

Shit ass! Jeg må ærlig si at jeg beundrer dere fælt fordi dere faktisk gjør realitet ut av alle de sinnsjuke planene deres! :)
Og jammen er dere flinke til å skrive også! Det er jo rene norskstilen! Ønsker dere en supergod tur videre! :)

Oddvar sa...

hehe, takk takk ;)

syns alltid det e gøy å lese misunnelige kommentara :P

Ingrids sa...

Hey, va det ikkje kø uttafor ESB når dåkkå va der? når me va dr måtte me stå i kø heilt rundt hjørne på bygget, mn det gjekk no greit. køståinga va no ein del av turen. forresten i trur at der du ha tatt bilete av alle dei storskjermane va der hotellet me låg på i New York låg - rett på Time Square der Broadway kryssa 7th av.

Oddvar sa...

ingen kø uttafor, nei... ganske greit å komme inn i varmen å vente ;)

vakje det hotellet ganske dyrt? ligge no tross alt ganske sentralt til.

Anonym sa...

dåkker tok buss ja...ikkje værst:) misunnelig? snakke om du oddvar, vil jo heilt klart ha to norsk tima me mona isteden for ein tur t usa..misunnelig liksom..pøh:)