torsdag 5. april 2007

New Orleans

Hav? Nei, "berre" ein innsjø ved New Orleans

I dag var vi innom New Orleans for å sjå byen etter orkanen Katrina. Ingen av oss visste noko om kor vi skulle, så vi kjørte rundt omkring i fire timar. På den tida fekk vi sjå ein heil del av byen og tusenvis av øydelagde og fråflytta hus. No, 19 mnd etter orkanen, er fortsatt store delar av New Orleans prega av falleferdige hus og skeive telefonstolpar. Det blir noko anna å sjå slikt på nærthold i forhold til å sjå det på TV.

Her kjem berre nokre bilder som viser litt av det vi såg:

Det gjenstår ein heil del ryddearbeid rundt omkring

Skal ein ha eit billig hus, er det lett å få tak i det her

Slik såg dei fleste telefonstolpane ut i store delar av byen


No er vi på eit motell i Pensacola. I dag har vi kjørt gjennom halve Louisiana, heile Mississippi, Alabama og litt innom Florida, altså tilsaman 15 :) I morgon blir det ein looong kjøretur oppover mot Washington.

3 kommentarer:

Ida Mari sa...

Jøyemej kor mykje forskjelli dokke he fått sett, blir no heilt satt ut her. God tur vidare :)

Anonym sa...

Hei Oddvar!
Helser frå alle her i Hyen idag- Vi har vore inne på Hytta og fått både middag og kaffi. Det ser ut til at du har en fin tur. Kos dokker.
Helsing frå Onkel Kjell og Kristian (og hilser fra Marthe og sigrunn). God tur heimover

Oddvar sa...

Det e visst monge folk som lese innpå her :)

Takk for helsinga, må helse tilbake til heile gjengen.